Norske bedrifter vil ha norsk – og vil betale for det
Undersøkinga viser ei tydeleg utvikling: To av tre bedrifter opplever at bevisstheita rundt opphav har auka dei siste åra. Kartlegginga omfattar 600 representative norske verksemder og det er Perseptor som har gjennomført ho for Innovasjon Noreg.
Halvparten av verksemdene seier dei er villige til å betale meir for dokumentert norsk opphav. To prosent seier til og med at dei vil betale mykje meir. Hovudgrunnane er eit ønske om å støtte norsk næringsliv og lokale arbeidsplassar, saman med assosiasjonar til høgare kvalitet og lågare miljøavtrykk.
- Dette stadfester betydninga av norsk produksjon og opphav. Ved å framheve opphavet får norske bedrifter moglegheit til å synleggjere at dei har norsk bakgrunn, og dei verdiane, som kvalitet, ansvarskjensle og integritet som følgjer med. – Det er trygt å velgje norsk, seier Anne Marie Brady, ansvarleg for merkeordninga Made in Norway.
Samtidig peikar undersøkinga på eit behov for betre merking og dokumentasjon: Ein av tre meiner det er vanskeleg å vere sikker på om ei vare faktisk har norsk opphav.
Resultata gir tydeleg støtte til arbeidet med å utvikle den nye merkeordninga for norsk opphav – Made in Norway. For verksemder som satsar på norsk produksjon, kan dette bli eit viktig konkurransefortrinn – både i marknaden og i møte med kundar som krev dokumentasjon.
Tidlegare har ei undersøking blant forbrukarar vist liknande resultat. Fleirtallet av dei er også villige til å betale meir for norske varer og tenester, og det har mykje å seie for dei når dei bestemmer seg for kva dei skal kjøpe.