Hopp til hovedinnhold

Finalistane til den nasjonale BU-prisen er klare

Ku i gresset med høye fjell i bakgrunnen© Øyvind Heen / Fjords.com
Kven stikk av med den nasjonale bedriftsutviklingsprisen i landbruket?

Gjennom hausten har alle regionskontora til Innovasjon Noreg delt ut ein bedriftsutviklingspris i landbruket for sin region. Alle regionvinnarane er med i konkurransen om den nasjonale prisen som vert delt ut på mat- og landbruksmessa Internationale Grühne Woche i Berlin i januar 2024. Innovasjon Noreg har no vald ut tre finalistar som kjempar om den nasjonale prisen.

Kvalitetsmalt på norsk korn

Bodil Oust og Tyson Weaver har motbevisa myta om at produksjon av kvalitetsmalt på norsk korn er umogleg. Bodil overtok heimgarden Kjesbu Nedre i Skogn i Levanger for ti år sidan. Sidan den gong har ho gradvis satsa på foredling av eiget korn til malt.

Les meir om at Bonsak Malt vinner Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Trøndelag.

Frå korn til produkt

Hos Holli Mølle AS i Spydeberg foredlar dei økologisk, norsk korn frå heile 55 ulike kornprodusentar til nye, gode kornprodukt som stadig fleire kundar har fått sansen for. Med langsiktig og innovativ tilnærming nyttar dei gardens ressursar på ein lønnsam måte.

Les meir om at Holli Mølle AS vinner Bedriftsutviklingsprisen for landbruket i Viken 2023.

Fellesskapet gjev styrkje

Dei seks gründerbedriftene som utgjer fellesskapet Åkerkvinnene ligg som perler på ei snor frå Helgeroa til Stavern. Dei har vist at nettverk og samarbeid kan gjere dei små enkeltbedriftene sterkare. Felles profilering har vore bra både for fellesskapet og for den enkelte verksemda.

Les meir om at Åkerkvinnene vinner BU-prisen i Vestfold og Telemark | Innovasjon Norge.

Publisert :
Sist oppdatert :