Gode moglegheiter for tilskot hos Innovasjon Noreg

Til tross for kutt i våre ordninger, er det framleis gode moglegheiter til å gi tilskot til innovasjonsprosjekt.
Norsk Tekstilgjenvinning sin fabrikk
Norsk Tekstilgjenvinning i Sandefjord har blant annet fått miljøteknologitilskudd fra Innovasjon Norge.
© Norsk Tekstilgjenvinning

Til saman er nærare 600 millionar kroner tilgjengeleg for innovasjonskontrakter, miljøteknologiordninga, bioøkonomiordninga og tilskot til smarte transportløysingar (pilot-t). Det er altså framleis gode moglegheiter for å få finansiering frå Innovasjon Noreg.

  • I 2026 prioriterer Innovasjon Noreg innovasjonsprosjekt av ein viss storleik. Tilskot frå oss må difor vere på minimum 1 million kroner. Dette fordi større prosjekt har høgare risiko.
  • Oppstartsbedrifter (yngre enn 5 år) har større likviditetsutfordringar og står ovanfor ein meir krevjande kapitalmarknad. Disse kan oppnå inntil 45 prosent i støtteutmåling. Etablerte bedrifter kan få inntil 25 prosent i innovasjonstilskot frå Innovasjon Noreg i 2026.
  • Ei verksemd kan kombinere støtte frå Innovasjon Noreg og SkatteFUNN, så lenge samla offentleg støtte ikkje overstig den maksimale støtteprosenten for prosjektet. SkatteFUNN gir i praksis 24,4 prosent støtte av prosjektkostnaden, og dette vert trekt frå først. Innovasjon Noreg kan deretter gi tilskot for den resterande delen opp til tillaten støtteandel.
    For eit prosjekt på 10 millionar kroner med maks 45 prosent støtte betyr det 2,44 millionar frå SkatteFUNN og 2,06 millionar frå Innovasjon Norge – til saman 4,5 millionar kroner i støtte.
  • Våre innovasjonstilskot kan med fordel kombinerast med låneordningar frå Innovasjon Noreg. Lån og tilskot i kombinasjon vil vanlegvis kunne utgjere inntil 50 prosent av behovet for finansiering. Les meir om våre lånetilbod.

Dette betyr at det framleis er gode moglegheiter for norsk næringsliv som treng risikoavlastning for sine innovasjonsprosjekt. I samspel med eigarar, private finansieringsinstitusjonar, Skattefunn og Innovasjon Noregs eigne låneordningar kan innovasjonstilskot utløyse mange spennande innovasjonsprosjekt i 2026.

Publisert 25. feb. 2026Sist endret 2. mars 2026